Framside

 Konsultasjon

 Prisliste

Laser & IPL

 Bildegalleri

 Pasienten fortel


Akne og aknearr

- iClearXL®
- Clenziderm frå Obagi

Mange unge opplever problem med urein hud på eit eller anna tidspunkt. Aknehud er ofte eit resultat av hormonendringar som igjen fører til blokkering og oppsvulming av talg- kjertlar nær hårsekkane i huda.


iClearXL
Lumenis

Tette talgkjertlar utvikler seg ofte før eller seinare til betente kviser. Ved om lag 80 % av inflamatorisk akne er Propyone-bakterien sentral i sjukdomsutviklinga.

iClearXL (blått lys) kan i mange tilfelle spesifikt øydelegge denne bakterien. Behandlinga forårsaker ikkje skade på kringliggande hud. iClearXL har ingen kjente biverknader. Med vellukka behandling unngår ein langvarig bruk av antibiotika og andre medisinar.

Behandlinga er mest effektiv på lett til moderat inflammatorisk akne. Massiv akne kan trenge behandling med Roaccutan.


Før og etter behandling

Pasientar med kun komedonar har ingen effekt av blått lys. Her vil mekanisk rens, kremer og iClearXL rødt lys vere eit alternativ.


Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde
Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662
Epost: klin-fo@online.no   www.klinikkforde.no