Leppebehandling
- Restylane Lipp®
Rynker rundt munnen er vanskeleg å behandle med godt resultat berre ved å sprøyte i sjølve rynkene. Ein kan evt. sprøyte direkte under rynkene, men aldri i meir enn maks 2 på kvar side for å unngå ”vaskebrett”. Risikoen for buklete hud aukar med tal rynker som sprøytast.
|
|
| | Før behandling | Rett etter
| To mnd etter
|
Restylane Lipp
Dette er eit nytt produkt spesielt berekna på lepper. Produktet definerer og forbedrer forma på leppene på ein naturlig måte.
Restylane Lipp er ein krystallklar gel som inneheld hyaloronsyre (hs). For generell informasjon om hs visast til innleiinga på Restylane og Botox. Som i alle kroppens vev vert mengda av vår eigenproduserte hs i leppene gradvis redusert med aldring. Yngre kan òg føle at dei har for lite fylde. Mindre defektar som følge av skade eller medfødte lyte kan til ein viss grad korrigerast.
Restylane Lipp kompenserer for dette tapet og opprettheld dermed leppekontur og fylde.
Leppene blir altså ikkje berre finare, men føles óg sunnare, mjukare og meir spenstige.
Første konsultasjon
Rett etter innsprøyting
6 månader etter
Den beste måten å forstørre lepper på er å sprøyte i leppelinja. Før innsprøyting vert det sett lokalbedøving (ledningsanestesi). Sprøyting av leppelinja vil ofte også ha bra effekt på dei finaste rynkene rundt munnen, fordi ei heving av leppelinja vil strekke rynkene til ein viss grad. Effekten er sjølsagt avhengig av kor mykje som vert innsprøytt. Etter vellukka behandling forsvinn dei finaste rynkene, dei djupare vert bedre, men vil som regel framleis vere noko synlege.
Dei fyrste døgna etter innsprøyting vil leppa i varierande grad vere hoven.
Ved sprøyting i leppelinja kan effekten halde seg frå 6-12 månader.
Sprøyting av volum i sjølve leppa varer frå 3-6 månader
I fall gjentekne behandlingar i same område varer effekten noko lengre for kvar gong.
Biverknader:
For generell informasjon vil vi syne til Restylane og Botox.
Sprøyting i lepper kan i varierande grad medføre noko smerte, opphovning og tørrheit i nokre dagar etter injeksjonen.
Sprøyting under rynker vil kjennast som lett spreng og stikking i 1- 2 døgn etter innsprøytinga.
Ytterlegareinformasjon kan du finne på: www.no.restylane.com
For meir informasjon visast til Vevskorrigering av rynker, furer og ansiktskonturar.
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|