Framside

 Konsultasjon

 Prisliste

Laser & IPL

 Bildegalleri

 Pasienten fortel


iClearXL - lysbehandling mot akne


Før behandling


10 beh. iClearXL + krembeh.

IClearXL-apparatet genererer lys i det blå – eller røde og infrarøde området av spekteret. Dei to bølgelengd-områda supplerer kvarandre, på det viset at dei har optimal effekt på ulike stadier i akneprosessen.

Blått lys:
Dette lyset drep propyonebakteriar (propyonebacterium acnes). Effekten inntrer etter kortare behandlingstid enn ved andre behandlingsmetodar, og dermed reduserer ein faren for aknearr. Inflammatorisk akne vert bedre i løpet av ein månad.

Dei fleste med aktiv akne kan behandlast. Det er svært gode resultat på mild til moderat akne. Pasientar med fotosensitivitet bør vere forsiktige.

Kvar behandling tek ca 45 min. Pasienten sit i ein behageleg kvilestol. iClearXL-lyset vert retta mot den eine sida av ansiktet og etter 15 – 20 min byttar ein side. Lyset gir varme. Vifta i apparatet gir ein moderat suselyd, men høyretelefonar eller ørepropp under behandling kan nyttast.

Det er vanleg med 8 behandlingar i løpet av 4 veker. Nokre treng å forlenge med eit par behandlingar veka etter for å oppnå eit best mogeleg resultat. Det bør gå minimum 2 dagar mellom kvar behandling, men ikkje lengre tid enn at ein rekk 2 gonger i veka. Det er viktig at programmet vert gjennomført utan lengre avbrot. Etter avslutta lysbehandling må pasienten følgje eit vedlikehaldsprogram for å sikre eit varig godt resultat.

Vitskapeleg dokumentasjon finnes på klinikken for dei som er interessert i det.

Klikk for større bilde

Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde
Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662
Epost: klin-fo@online.no   www.klinikkforde.no