Kjemiske peel
- Fruktsyrepeel - Lightpeel - Blue-peel
Fruktsyrepeel og Lightpeel har effekt på lett til moderat akne, komedonar og mindre arr. Behandlingane kjem alltid inn som eit supplement til bruk av ymse kremar. Er det snakk om grov hud med djupe aknearr, er ofte Blue-peel det beste alternativet. Arr med farge kan ha bra effekt av IPL.
Den beste måten å unngå arr på er å behandle akne på eit tidlig stadium. Det tek betydeleg lengre tid å behandle arr.
Fruktsyrepeel kjem ofte inn etter ein periode med bruk av Md Forte heimeprodukt. Behandlinga foregår på klinikken og består av ein serie enkle penslingar med glykolsyre 70% el 99% ( hudpleiesalongar kan nytte maks 60% glykolsyre).
Med aldring blir hornlaget tjukkare (hyperkeratose) og huda meir ujamn. Huda ser grovare ut, får auka pigmentering, mister glansen og linjer og rynker oppstår. Huda sin evne til å holde på fukt avtar. Soling framskundar aldringsprosessen i huda (80-90% av synlige aldringsteikn skuldast solskadar).
Fruktsyre-peelen bidrar til eksfoliering av hornlaget ytterst i huda og gjer huda mindre tørr.
Denne behandlingsforma passer godt til dei som er moderat affiserte, og som ynskjer ei generell oppfriskning av huda.
Effekten er vitenskapeleg dokumentert. Penslinga forsterkar effekten av produkta som vert nytta til dagleg. Vi anbefaler minimum 6 penslingar for eit optimalt resultat. Penslinga gir ingen sår el andre uønska hudendringar, og det er såleis ingen problem med å vere i arbeid under behandlinga. Glykolsyra verkar inn på spesifikke problem i tillegg til å gi ei generell hudforbedring
utan risiko.
Behandlinga er smertefri og rask og enkel å utføre. Det er uproblematisk å opphalde seg ute i sol ved bruk av produkt som inneheld glykolsyre, noko som vert frårådd ved bruk av A-vitaminsyre (Obagi).
Før behandling
Etter 3 mnd. med lysbehandling og 2 lightpeel
Light-peel (Easy peel) vert utført ved hjelp av 15% TCA (Trikloreddiksyre)
TCA har vore brukt til peeling i over 30 år. Peelen fører til at det ytterste hudlaget flassar av og nye friske celler erstattar dei gamle. Huda blir strammare, mjukare og får ein jamnare farge. Fine linjer, rynker, porar og mindre arr vert reduserte, eller kan bli borte.
Light peel er sterkare enn fruktsyrepeel (glukolsyre 70 % og 99 %), men svakare enn standard Blue peel (20% TCA).
Light-peel passar for oppstramming av hud med redusert spenst, lettare solskader, lettare hyperpigmentering, fine linjer, mild akne og aknearr, komedonar, tette talgkjertler og strekkmerker.
TCA stimulerer cellene til danning av kollagen og elastin. Desse stoffa er naudsynte for å oppretthalde spensten i huda.
Effekten av ein peel er imidlertid avgrensa og i oppfølgingsperioden bør huda difor stimulerast til vidare regenerering gjennom bruk av A-vitaminsyre eller A-vitaminserum.
Effekten blir som regel best om ein tek 3-4 peel med ca 2 vekers mellomrom. Pasientar med tette talgkjertlar og komedonar må vere førebudd på eit forbigåande utbrudd av desse. Mekanisk rensing mellom behandlingane kan vere gunstig.
Heile prosessen kan gjentakast etter eitt år.
TCA brukt ukritisk i hendene på ukvalifisert personell kan gi varige hudskader.
På Klinikk Førde vert behandlinga utført av sjukepleiar.
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|