Framside

 Konsultasjon

 Prisliste

Laser & IPL

 Bildegalleri

 Pasienten fortel

Fraxellert CO2-laser - MedArt® FRx 610™ (10600 nanometer)

Behandlingsprinsippet med alle typer hudlaser er å påføre huda ei form for kontrollert, overfladisk brannskade. Dette fjerner død overhud og fører til ei viss oppstramming i huda sine djupare lag. Den oppstrammande effekten kan ta fleire månader!

CO2-laser

Først litt om vanlig, ”gammeldags” CO2 laser Tradisjonell CO2 laser sender ut éin relativt tjukk lysstråle som ”brenner” alt den treffer. Denne laseren egner seg godt til å fjerne vorter, fettkuler og godarta føflekker. Etter behandlinga vert det eit overfladisk sår som gror i løpet av ei vekes tid. ”Laser- peeling” eller ”hud-sliping” med CO2 laser går ut på å sveipe over hudoverflata fram og tilbake og har vore brukt på slapp, rynkete hud og arr. Risikoen med denne behandlinga har m.a. vore at den lett tar for djupt og kan gi varige pigmentforandringar. Til tross for risiko for ”overbehandling” har laseren vore mykje brukt dei seinare tiår. Den nye teknologien med fraxellert CO2 laser er bedre for dette bruk og har svært liten risiko for ”overbehandling” og pigmentforandringer.

Fraxellert CO2-laser (også kalla fractionell-laser)

Før behandling med
fraxellert CO2-laser
1 mnd etter første behandling

Laser-strålane vert sendt ut som mange ultratynne lysstrålar over eit større felt. Det kan samanliknast med å lyse gjennom ein tesil. Fraxellert CO2-laser er dermed sikrare fordi den ikkje gjer samanhengande skade av heile det behandla hudpartiet. Tilhelinga går raskare og gir ikkje pigmentforandringar om ein er forsiktig med soling i etterkant.

Fraxellering
Behandlingshovudet er 1x1 cm og sender ut mange adskilte laserstrålar i eit regelmessig rutemønster og med fast avstand mellom laserstrålane. Ein einskild stråle er omlagd 0,5 mm i diameter. Apparatet har 3 innstillingar for talet på strålar: Lett: 7 x 7 laserstrålar. Middels: 9 x 9 laserstrålar. Sterk: 11 x 11 laserstrålar. Som det går fram av det som er sagt over er det totale arealet på behandlingshovudet 1 cm2. Den delen av dette arealet som vert laserbestrålt varierer frå 7 til 20 %, alt etter kva for innstilling ein velge. Resten forblir heil hud som gjer at tilhelinga går raskare. Dei ”brennpunkt” ein har påført huda gir eit slags mikroarr i tilhelingsprosessen og resulterer i ein viss oppstrammingseffekt over tid. Avflassing av forhorna hud 3-5 dager etter behandlinga gir ein umiddelbar effekt i form av ei klarere og meir rødrosa hud. Rosafargen forsvinner gradvis i løpet av nokre veker. I tillegg til å variere talet på laserstrålar kan ein variere energien, eller styrken i laserlyset (målast i W (watt) og pulslengda (målast i msec (millisekund)).

Behandling
Pasienten kjenner ei stikkande varmekjensle, som varer om lag ein halv time (noko lenger på bryst og hals). Dei fleste greier behandlinga utan problem. Ved sterkare behandling kan det vere bra med Emla-krem som inneheld bedøving.

Etter behandlinga kan ein bruke Aloe-vera, after-peel krem eller kvit vaselin. Flamazine kan vere aktuelt i spesielle tilfeller. Ein må pårekne meir enn ei behandling. Tal behandlingar avheng av styrken og kor djupe rynkene er. Overleppe og under auger treng oftast min 3 behandlinger.

Tilheling
Etterpå vert huda raud og varm og kan bli lett hoven ein dag eller to. Etter 2-3 dager danner det seg små skorper som fell av etter 4-5 dagar på lett behandling. På sterk behandling kan raudfargen og skorpene sitte i 10-14 dager, men i dei fleste høve er skorper og raudfarge borte etter 10 dager.
Ein kan sminke seg eit døgn etter behandlinga, men det beste er å la vere. Når skorpene er borte er det heilt greitt å bruke sminke.

Fraxellert CO2 laser egnar seg på:
- Moderat slapp og rynkete hud på ansikt, under auger & ”kråketær”
- Arr og aknearr
- Store porer
- Melasma og pigment-flekker
- Rynker, t.d. overleppe
- Strekkmerke
- Oppstramming av hud på hender, hals og bryst …… kan brukast dei fleste steder på kroppen!

NB: Ein bør ikkje ha vore i sol min 4 veker før behandling og unngå soling i min 3 veker etterpå.


Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde
Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662
Epost: klin-fo@online.no   www.klinikkforde.no