Framside

 Konsultasjon

 Prisliste

Laser & IPL

 Bildegalleri

 Pasienten fortel

Permanent hårreduksjon

Diodelaser

Diodelaser med bølgelengd på 810 nanometer er vitenskapeleg vist å vere den beste for dette formålet. Av denne type laser har Klinikk Førde to av dei best dokumenterte: LightSheer® frå Lumenis og MedArt 435® frå Asah Medico.

Det vert i dag gitt tilbod om hårfjerning med ymse lysapparat. Mange av desse held ikkje mål ettersom bølgelengda på lyset ikkje er optimal og den temperaturen som vert oppnådd i hårrota er utilstrekkeleg. Slike apparat kan i beste fall forsinke veksten i nokre veker.


Før hårfjerning med diodelaser


4 veker etter tredje behandling

Kva skjer?
Prinsippet med laserbehandling er at den store lysenergien vert omdanna til varme når lyset treff pigment. Av dette går det fram at heilt lyse hår i utgangspunktet ikkje let seg behandle. Mørkhuda eller pasientar som er solbrune, eller nyleg har sola seg er vanskeleg å behandle ettersom hudpigment óg absorberer lysenergi. Behandlinga vert ein balansegang mellom å oppnå utbrenning av hårrota utan samtidig å påføre huda brannskade. Di mørkare hår og di lysare hud, di høgare energi kan vi nytta og di bedre effekt vert dermed oppnådd. Ved mørkare hud må ein nytte lågare energi og dermed fleire behandlingar.

Lyset vert absorbert av pigmentet i håret og det utvikles varme som øydelegg hårsekken/hårcellene, forutsett at håret er i vekst.

Laseren har kjølesystem. Dette beskyttar det ytterste hudlaget og lindrar smerte. Noko smerte er likevel ikkje til å unngå - no pain, no gain!

Ved lyse hår kan vi tilby forbehandling med ein spesialkrem (Meladine) for farging. Dette er ikkje som vanleg hårfarging, men krev påføring 2 gonger dagleg i fleire veker for å mette håret med farge. Dermed er det ikkje alle som har tolmod og displin til å gjennomføre dette.

Kvifor fleire behandlingar?
Det er kun hår i vekstfase som let seg behandle. Andelen hår som er i vekstfase til ei kvar tid varierer mellom ulike kroppsregionar. Behandlinga må difor gjentakast med eit visst intervall.

Tal behandlingar varierer etter hårfarge, hudfarge og kroppsregion. Ryggen er ofte eit problemområde.

Vanleg i løpet av eit år er 4 – 6 behandlingar med 6 – 12 vekers intervall.

Før behandling
Ein bør ikkje vere nybehandla med voks, elektrolyse eller napping. Ein bør/skal ikkje ha sola seg i noko form, naturleg, solarium eller sjølbruningskrem, i minimum 3 veker før behandling. I 1 – 2 månader før behandlinga må ein gjerne barbere seg ofte då dette verkar stimulerande og fleire hår kjem i vekstfase.

Forventningar etter behandling.
Raudheit og varmekjensle er vanleg straks etter behandling, men går over etter ein dag eller to. Om det oppstår brune eller kvite flekkar tyder det på ei lett, overfladisk forbrenning som vil forsvinne uten arr. Frå ei veke til ein månad etter behandling vil håra vekse ut som stubbar før dei løsnar og fell av. Etter behandling vil ein vere hårfri ein periode før neste vekstfase kjem. Denne gjenveksten vil komme seinare, håra vert tynnare og stadig meir spredt i løpet av ein behandlingsserie.

Unngå soling dei to første vekene etter behandling. Bruk sunblock eller dekk til om du likevel er i sola.

Ein kan ikkje garantere at det ikkje kjem litt hårvekst etter lengre tid. Alle hårrøtene i eit område treng ikkje vere 100% øydelagde og etter ei tid kan overlevande hårrot-celler byrje å produsere meir eller mindre defekte hår. Denne gjenveksten er langsam og spredt. Dei fleste pasientane ser det ikkje som noko stort problem, og evt etterbehandling ein gong i året vil vere mykje mindre omfattande og balastande enn primærbehandlinga.
Andre faktorar som kan påvirke ettervekst er sjukdom, hormon-påverknad og enkelte typar medikament m.m.

LightSheer brenn bort håret i overflata samtidig som den tek røtene. MedArt 435 har m.a. eit kraftigare kjølesystem som ved full effekt beskytter hudoverflata svært godt. Den brenn ikkje håra i overflata så kraftig som den andre, men er konstruert slik at energien skal ledast til rota i størst mogeleg grad. Lite eller ingen hår fell av med det same slik som ved LightSheer (og IPL). Difor kan det umiddelbare resultatet virke dårlegare etter dei første behandlingane med MedArt 435, men det er sluttresultatet på sikt som tel.
Faktorar som er med på å bestemme val av apparat er hud- og hårtype, pasienten sine ynskje eller tidlegare behandlingar.
Laserhovudet har ulik utforming på dei to apparata, noko som gjer at ein kan komme til og tilpasse behandlinga svært fleksibelt og arbeidseffektivt på ulike kroppsområde.

Konklusjonen er at Klinikk Førde har to gode diode-laserar som utfyller kvarandre. Etter gjennomført behandlingsserie er sluttresultata like gode.


Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde
Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662
Epost: klin-fo@online.no   www.klinikkforde.no