Pasienten fortel
På denne sida vil pasientar stå fram og fortelje om sine problem, i den hensikt å kunne vere til hjelp for andre med liknande problem.
Pasientens namn vert ikkje oppgitt for å unngå uønska kontakt. Evt spørsmål om behandlinga må rettast til Klinikk Førde.
Kvinne, 64 år:
Leppebehandling – ikke bare kosmetisk ....
For noen få år siden valgte jeg å få satt inn tannprotese. Tannlegeskrekk og sykdom gjorde det nødvendig.
Den forandringen som fulgte var jeg ikke forberedt på. Leppene skrumpet inn fra uke til uke. Munnen så ut til å forsvinne. En korrigering av tannprotesen hjalp litt, men leppene fortsatte å minke. Etter hvert forandret dette min hverdag. Jeg smilte f.eks. ikke så ofte og mye som før. Fikk kommentarer fra nærmiljøet som: "Du virker sur" eller "Er det noe i veien?".
I juni 2008 fikk jeg første leppebehandling (det blir flere) og etter at den verste hevelsen var borte - sånn over natta - var smilet og mitt gode humør tilbake. Dette er faktisk sant og det er
også årsaken til dette innlegget. Så lite skulle det til i mitt tilfelle, som trolig er lik mange
andres. Et forholdsvis enkelt inngrep - og jeg fikk tilbake mitt gode humør og dermed en
bedre hverdag.
Til slutt: Jeg er ikke blitt penere - har bare fått munnen min tilbake!
|
|
| | Før behandling | Rett etter
| To mnd etter
|
Anne:
Eg vil først takke Laila for hjelpa ho har gitt meg dei siste månedane.
For 4 år sidan byrja eg å få kviser. Dette er noko eg ikkje har vore særleg plaga med før.
I byrjinga tenkte eg ikkje så mykje på det. Det ville vel gå over av seg sjølv. Men problemet auka på. Til slutt var eg avhengig av full sminke kvar dag. Eg prøvde alt av renseprodukt og fuktighetskremar både frå parfymeri og apotek, men ingenting hjalp. Solarium vart hyppig nytta, men viste seg å gjere problemet verre.
Først tenkte eg at eg reagerte på forureining eg kom i kontakt med på jobb,. Så eg venta til eg gjekk ut i svangerskapspermisjon, for å sjå om det betra seg då. Men det skjedde ikkje.
Då tok eg kontakt med lege og vart henvist til spesialist i hudsjukdommar. Her konstaterte dei innflamatorisk akne. Eg fekk lysbehandlingar og skulle vente til etter amming med å byrje på ein kraftig penicillinkur. Dette skulle vere det einaste som kunne hjelpe. I tilleg fekk eg prøve ut fleire typar kvisekremar. Dette gjorde huda mi svært tørr og irritert.
Etter ca 20 turar i lyset, slutta eg sjølv med denne behandlinga. Eg følte at ansiktet vart berre verre, og eg ville helst ikkje gå på penicillin før eg hadde prøvd andre ting først.
Etterkvart vart huda verre. Som du ser på første bildet var eg svært raud med svært mykje kviser. Huda var tørr og flassa av, og det var lite som skulle til før det byrja å blø.
Etter anbefalingar frå andre, tok eg kontakt med Laila på Klinikk Førde. Eg vart svært godt motatt, og fekk straks håp om at ho kunne hjelpe.
Vi skulle prøve ein ny type lysbehandling, iClearXL. Kvar behandlinga varte i 45 min og var svært behageleg. Men etter nokre behandlingar viste det seg å ikkje vere til så stor hjelp som vi håpte på. Huda vart betre, men eg var fortsatt svært raud og kvisene forsvant ikkje heilt.
Laila var på kurs i hudbehandling med dermatolog Zein Obagi på Bunæs-klinikken i Oslo og hadde med seg bilete av meg. Laila hadde mistenkt at eg kunne ha Rosacea og fekk medhald i dette.
Rosacea må i alvorlige tilfeller behandlast med antibiotika-tablettar, men fordi eg amma ville vi prøve Rozex gel som også er ein del av behandlinga. Rozex saman med andre hudprodukt hjalp meg i stor grad. Dette kan du sjå på bilde nr 2. Kvisene er helt borte, men eg sit igjen med arr og sprukne blodkar. Huda er mjuk og tåler meir no.
Sist eg var hos Laila var huda mi så sterk og fin at vi ville ta til med IPL behandling. Dette er ein slags laser som m.a. brukast på rosacea ved ikkje aktive akner. Dette ville fjerne dei raude blodkara i huda. Behandlinga opplevde eg som ubehageleg med det første. Det kjendest ut som nåler som stakk meg i ansiktet. Etterkvart vart eg van med det og det var ikkje lenger så vondt. Når eg var ferdig etter ca eit kvarter var eg varm i ansiktet og måtte kjølast ned med is. Dagen etter var eg litt hoven, men dette gjekk raskt over og eg såg etterkvart at IPL hadde vore til god hjelp, som du ser på bilde tre.
Eg er svært glad for at vi har kome så langt som vi har. Eg er litt fortvila over at dette ikkje kan dekkast av det offentlege, når det faktisk går ut over den psykiske tilværelsen for eit menneske. Det slit i pengeboka, men er absolutt verdt det når ein har slike problem. Eg håpar derfor å få dekka av trygdekassen dei neste IPL behandlingane eg må ta. Eg føler meg mykje betre og kan faktisk bevege meg utom hus utan sminke!
Helsing Anne
Sonja :
Eg vil først takke Laila for hjelpa ho har gitt meg med min Rosacea.
For snart 10 år sidan byrja eg å få kviser. Dette er noko eg ikkje har vore særleg plaga med før Eg var også plaga med rødme i ansiktet. Til slutt var eg avhengig av full sminke kvar dag. Eg prøvde alt av fuktighetskremar både frå parfymeri og apotek, men ingenting hjalp. Alle kremar som skulle hjelpe mot Rosacea reagerte eg på og plagene mine vart bare verre.
Eg fekk ikkje særleg mykje hjelp hjå hudlegen. Fordi eg ikkje tålte kremar mot Rosacea så var det antibiotika som var tilbudet. Eg brukte antibiotika i nesten 3 år og var rimeleg bra,men så fekk eg så mykje bivirkningar av antibiotika at eg måtte slutte med det.
Fortvielsen min var stor. Eg har svært lys og tander hud så eg syntes den rødmen i huda som kom nesten dagleg var svært skjemmande og det gjekk ut over det sosiale livet mitt. Eg isolerte meg når eg hadde store utbrudd. Sjølvtilliten min vart også prega av dette så det har vore mange vanskelege år.
Etterkvart vart huda verre. Ved ein tilfeldighet fekk eg sjå ein artikkel om IPL behandling som blant anna kunne hjelpe mot Rosacea. Eg tok kontakt med Klinikk Førde. Eg vart svært godt motatt, og fekk straks håp om at dei kunne hjelpe meg.Eg var fortsatt svært raud i ansiktet og på brystet. Laila anbefalte at vi gjekk forsiktig fram med IPL behandlinga pga. at huda mi er så tynn og tander. Det var eg svært glad for. Det gjorde meg trygg på at huda mi ikkje fekk for store belastninger før eg såg kor mykje den tålte. Eg fekk prøve andre hudprodukt som eg skulle bruke etter og mellom kvar behandling. På andre forsøket prøvde eg K Ceutic hudkrem som hjalp meg i stor grad. Dette produktet var den første kremen som eg såg at huda mi reagerte positivt på. Huda vart mjuk og dei små kvisene eg fortsatt hadde vart snart heilt borte.
Sist eg var hos Laila var huda mi så sterk og fin at vi kunne øke styrken av IPL behandlinga. Dette ville fjerne dei raude blodkara i huda. Behandlinga opplevde eg som lite ubehageleg . Når eg var ferdig etter ca ein halv time var eg varm i ansiktet og brystet og måtte kjølast ned med is. Dagen etter var eg litt raud og hoven, men dette gjekk raskt over, og eg såg etterkvart at IPL hadde vore til god hjelp.
Eg er svært glad for at vi har kome så langt som vi har. Eg kunne nok ønske at dette kunne dekkast av det offentlege, når det faktisk går ut over den psykiske tilværelsen for eit menneske. Det blir ofte ei prioritering om ein kan velge å bruke pengar på slik behandling, men for meg var det eit lett valg Det er absolutt verdt det når ein har slike problem. Eg kan nå gå ut blant andre menneske utan sminke og utan å tenke på at rødmen plagar meg. IPL behandlingane var for meg eit kjempegodt alternativ som eg ikkje får fullrost nok. Må eg ta vedlikehaldsbehandlingar for å halde den krosniske hudsjukdomen i sjakk så er det igjen eit lett valg å ta.
Dersom eg kan vera til hjelp for andre, kan dei gjerne ta kontakt med meg. Eg har e-mail adresse: sohat@online.no eller telefon nr. 57 66 15 23.
Helsing Sonja Hatlevoll, Årdalstangen
Kjersti :
Kontaktet klinikk førde etter å ha gått med et kløende og kraftigt utslett i ansiktet i seks mnd.Det begynte med at eg var rød rundt munn og nese,og klødde.
Vart da berrre verre,hovendt og vondt.
Fikk da en vurdering av klinikk førde,og en anbefaling om å prøve lysbehandling.
Merket stor forandring berre etter en gang,tok da tre behandlinger iløpet av to veker.
Var da kvitt alt utslett,d var heilt utroligt.
Etter det har eg tatt lysbehandling ca.en gang annen kvar mnd.
Har ikkje fått uslettet tilbake,er kjempe fornøgd.
Vil absolutt anbefale det til andre med samme problem.
Kjersti.
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|