Framside

 Konsultasjon

 Prisliste

Laser & IPL

 Bildegalleri

 Pasienten fortel


Konsultasjon

Klinikk Førde har ei rekke behandlingstilbod for ulike kosmetiske og medisinske hudproblem, samt for varicer / åreknutar, sprengte blodårer og kosmetisk kirurgi.
Vi samarbeider òg med bpc (Bergen Plastikkirurgi Center).

Velkommen! Laila og Jens Evjensvold ønsker deg velkommen.

Har du uønska hårvekst eller hudproblem får du konsultasjon hos sjukepleiar. Ein slik time er ofte både nyttig og nødvendig for å kartlegge problemet før ein bestemmer seg for ev behandling.

Pasientar med åreknutar (varicer) og sprengte blodkar (telangiektasier, spiders mv.) får konsultasjon hos kirurg, spesialist i karkirurgi og generell kirurgi.

Ved konsultasjonen blir du undersøkt klinisk og blir forklart dei ulike behandlingsalternativa. Du kan sjølsagt stille alle dei spørsmål du måtte ønske. Du får og eit kostnadsoverslag. Ultralyd-undersøking vert utført i dei tilfelle der det er naudsynt.

Våre behandlingar vert utførte av sjukepleiar eller lege. Alle behandlingar er godt dokumenterte og trygge. Klinikk Førde har skriftlig informasjon om alle behandlingsformer. Det medisinsk-tekniske utstyret som vert nytta er godkjent og CE-merka.

Konsultasjon hos sjukepleiar kr 250  
Konsultasjon karkirurg kr 500 m/ultralyd kr 900

Venterom Skranke

Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde
Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662
Epost: klin-fo@online.no   www.klinikkforde.no